11. desember 2019

Pilegrimsteikn

 

KLIKK HER FOR MOBIL OG NETTBRETT


PILEGRIMSTEIKN av Ola Jonsmoen

(Mel.: Du grønne, glitrende tre god dag)

Vers 1:

Det trygge teikn mot sommarsky

Er furukrona som løftar synet

For trøtte pilegrim, gjer stunda ny

Og peikar veglei ved himmelbrynet,

./.Den vide krona, gjev mot i vona./.

eit bod til deg, du er på veg.

Vers 2:

Med djupe røter i voksterjord

Er treet bundne til all vår lagnad.

Når vinden kviskrar med usagt ord

Vi sansar sterkast all livsens fagnad,

./. det rotfast sterke i skaparverket./.

Ber bod til deg, du er på veg.

Tokstadfurua
Pilegrimsvegen forbi Tokstadfurua på tysk TV-kanal